Dusjselskapet
klarte, som i fjor, å skrape saman eit slagkraftig og ytst motivert lag til
årets Dragvoll Cup. Sjølv om me mangla store stjerner som Andreas «Bæggis»
Baggerød og Anders «Mr. Glass» Prytz, var moralen upåklageleg og trua på eigne
dugleikar på eit imponerande høgt nivå.
Dusjselskapet
stilte med følgjande spelarar og lagleiing:
Målvakt:
Fredrik «Snurre» Lundquist
Backer: Jørgen «Drammenslefsa» Myrehagen, Pål Alm-Pausen, Georg A. «Armando» Bugge, Espen «Kanon» Sjetne
Sentere: Tor «Biffsnadder» Søvasli Jenssen, Nikolai Austarheim
Vingar: Harald «Målmaskin» Villmo (K), Tor Håvard «T-Bag» Aasen, Eskild Lundgård, David «Mr. Glass 2.» Karlsen
Backer: Jørgen «Drammenslefsa» Myrehagen, Pål Alm-Pausen, Georg A. «Armando» Bugge, Espen «Kanon» Sjetne
Sentere: Tor «Biffsnadder» Søvasli Jenssen, Nikolai Austarheim
Vingar: Harald «Målmaskin» Villmo (K), Tor Håvard «T-Bag» Aasen, Eskild Lundgård, David «Mr. Glass 2.» Karlsen
Trenar:
Espen Sjetne
Oppmann: Georg A. Bugge
Oppmann: Georg A. Bugge
Til fyrste
kamp hadde utruleg nok alle spelarar unntatt Drammenslefsa klart å karre seg
opp i hallen og til og med klart å bevege seg ein del kring i hallen. Georg
fekk gjentekne skyllebøtter for å berre nytta tida til playing, medan resten av
laget tok førebuingane særs seriøst. Opningskampen var mot H1 – eit nykomponert
og dugeleg lag med ymse kvalitetar som Dusjselskapet ikkje kunne skryta av: i
hovudsak ungdommelege nykker. Dusjselskapet har derimot ei uendeleg mengd av
erfaring, kløkt og kynisme i seg og utnytta dette til fulle mot eit hanglande,
dårleg samansett, taktisk uførebudd og lite erfarent NTNUI-lag. Det er ikkje
relevant i denne samanheng, men journalistane vel likevel å opplyse om at
lagleiaren til H1 var ingen ringare enn Dusjselskapet sin eminente målvakt,
Snurre Lundquist. Kampen utspelte seg som venta for Dusjselskapet. Eit
aggressivt press med løpssvake vingar resulterte i stadige
overgangsmoglegheiter. Omtrent midt i kampen viste David Karlsen at han
framleis ikkje er moden for NTNUI innebandy sin nedtrappingsavdeling (red. anm:
Freidig). David skyt frå godt ute på venstre kant, ballen går rett i låret på
rekkekamerat Austarheim som utnyttar den overraskande vellukka dempinga
lårflesket utførte til å sentre kontant att til David. David nyttar då høve til
å banke ballen i mål, til enorme jubelscener frå alle dei tilreisande
tilskodarane til Dusjselskapet. Resten av kampen vart ei kombinasjonsoppvisning
i god defensivt organisering og dominerande banespel. Mot slutten av kampen vel
H1 å ta ut eigen målvakt i den tru at dei kan klare å leggje eit trykk på
Dusjselskapet sine eminente balltrillarar. Så feil kan ein ta. Kort tid etter
set David Karlsen opp kamerat Austarheim for ein enkel ball i ope mål. 2-0-siger
i opningskampen er eit faktum.
I kamp
nummer to skulle heltane våre møte ein av sine store rivalar frå NTNUI-tida,
nemleg dei avdanka NTNUI-arar sin eigen samlingsplass, Freidig. Freidig sin
gjennomsnittsalder har stupt dramatisk i seinare tid, men at dei har ein del
talent, då særleg gjennom Brage Harby, er det ingen tvil om. For å bryte ned
ungfolane måtte Dusjselskapet sine medlemmer nytte seg av all sin kløkt,
manglande fart, utilstrekkelege kondisjon og teknisk underlegne disposisjon –
og som sagt så gjort. Leia av den eminente taktikaren Espen Sjetne, som hadde
valt å benke seg sjølv til fordel for innebandydepriverte Jørgen Myrehagen, var
det aldri tvil om kor sigeren skulle ende. Dusjselskapet var potte tette
gjennom midten av banen og slapp berre til skot i posisjonar sjølv John Jensen
ville vegra seg for å trekka av i. I tillegg til dette nytta ein seg av
nådelause kontringstrekk då motstandaren tømte seg i viktige rom. Er det noko
gamle ringrevar veit å utnytte er det nett dette rommet, kalla Preben
Geier-holet i gamle NTNUI-dagar. Ei stund ut i kampen slo eit lynnedslag av
dimensjonar ned på Dragvoll. Pål Alm-Pausen fekk all verdens tid og rom 10
meter inne på eiga banehalvdel til å lade, lade og atter lade. Det har vorte
hevda at han faktisk snurra kølla si så snøgt kring då han lada at det vart
meldt om vêromslag på Ranheim grunna sterk vind frå Dragvoll. Denne påstanden
får stå for eiga rekning, men etter ei lita evigheit med lading tok det berre
ballen nokon mikrosekund å suse i nettet bak ein sjanselaus Freidig-målvakt.
Ingen kan nekte for at Pål framleis har ei durabeleg slegge. 1-0. Kampen
fortsette i Dusjselskapet sitt spor og særleg Målmaskin kom til sin rett der
han til tider terroriserte backane til Freidig. Uunngåeleg nok var det
Målmaskin som var riktig sted til riktig tid og tredde 2-0 inn under målvakta
til Freidig på lekkert vis. I rein nåde og medynk med motstandaren slapp
Dusjselskapet inn eit trøystemål før det var plankekjøring for Armando Bugge i
rundvanta resten av kampen. 2-1-sigeren var eit faktum.
Før siste
gruppespelkamp viste det seg at avansement var sikra, Freidig og Nyborg 2 var
ute av turneringa, og siste kamp handla dimed eine og åleine om kven som skulle
verte gruppevinnar av H1 og Dusjselskapet. Om Dusjselskapet tapte med mindre
enn 4 mål ville dei gå vidare som gruppevinnar. Eit oppskriftsmessig taktisk
0-1-tap vart gjennomført til perfeksjon. Trenar Espen Sjetne hadde nok ein gong
benka seg sjølv, men kom rutinert nok inn for å støtte Pål i det som skulle
verte turneringa sin største indianar. Dette poenget førte faktisk til
at Pål vart poengkonge på Dusjselskapet under DC 2016.
Etter at
Trygg/Lade gjekk på eit flaut tap for Nyborg viste det seg at det var nett dei
Dusjselskapet skulle møte i kvartfinalen. Espen Sjetne fann det naudsynt å
sette inn seg sjølv att for å ha fleire backar å rotere på. Leddgikta til
fleire av Dusjselskapet sine medlemmer var til å ta og føle på. I tillegg måtte
David løftast med kran ut av senga laurdag morgon og Pål hadde gangsperr i
begge underarmane etter for mykje rotasjonslading med for dårleg
treningsgrunnlag. Som seg hør og bør klarte Dusjselskapet nok ein gong å gjere
diamant av gull og gjekk opp i ei tidleg leiing. Ingen ringare enn Målmaskin
dukka opp ut av eteren og dunke ballen i mål frå skrått hald. I ettertid har Dusjselskapet
valt å ta kritikk for å gå opp i leiinga for tidleg, då dette førte til ei for
defensiv haldning resten av kampen. Trygg/Lade pressa på gjennom heile kampen,
men ikkje utan at Dusjselskapet hadde sine feite sjansar på snøgge motåtak.
Igjen var det særleg Målmaskin som ymta seg frampå med frekke forsøk, diverre
utan teljande produkt. Det gjekk som det burde gå, ein liten glipp og ein
heldig ball inn i midten treff ei Trygg/Lade-kølle og går i mål bak Snurre.
Lite å gjere med. Laga følgjer kvarandre tett, men til slutt finn ein ball
vegen opp gjennom midten, ein Trygg/Lade-spelar vender elegant kring og maktar
å klinke til med eit nydeleg skot i næraste stolpe og inn. Ein må nok setje
spørsmålsteikn ved både back og senter i denne situasjonen, men dei gamle beina
byrja å kjenne at påkjenningane hadde vore store og tempoet var dimed ikkje
tilstrekkeleg. På trass av ein iherdig innsats mot slutten, diverre mykje av
det i eige rundvant ved Dusjselskapet sin eigen olbogeslåsskjempe Georg A.
Bugge (sjeldan har ein sett fleire vant fly vegg-i-mellom i eit så kort
tidsrom), klarte ikkje Dusjselskapet å utlikne og kampen enda 1-2.
Dusjselskapet var med det ute av DC 2016.
Trygg/Lade
rauk ut for H1 i semifinalen (Dusjselskapet vil gjerne takke for eit særs
spesielt kampoppsett, der ein ville møte gruppa si om att i semifinalen om dei
òg tok seg vidare til denne), før H1 fekk seg ein karamell av Tiller
Tinkerbells med ein gamal NTNUI-kjenning i spissen i finalen. Denne kjenningen
var ingen ringare enn Anders Svanekil. Dusjselskapet gratulerer Svane og Tiller
med sigeren i DC 2016!
Vidare må
det nemnast at Dusjselskapet stakk av med ikkje mindre enn to all-star-prisar:
Harald «Målmaskin» Villmo og Fredrik «Snurre» Lundquist kunne begge smykke seg
med plass på all-star-laget. Dusjselskapet vil også rette ein spesiell
gratulasjon til ein annan all-star: Ola Stai. Gratulerer! Er det noko
Dusjselskapet verdset er det engasjement over tid, og der har Ola levert som
få.
Med det
var DC 2016 over for denne gong, og Dusjselskapet ynskjer å takke for nok ei
minnerik turnering. Me kjem forhåpentlegvis att neste år, då for å løfte bøtta.
Ein liten fugl har kviskra i øyret til journalisten at ein Statoil-medarbeidar
i Dusjselskapet sine rekker allereie har lagt inn notifikasjon på kalenderen
for neste års turnering (det ryktes også om at denne notifikasjonen er
gjentakande på årleg basis).
Vel
blåst!
2 kommentarer:
Herlig referat! Flotte skildringer av flotte prestasjoner.
Nydelig referat! Dette var en flott oppvisning av kynisk perfeksjonisme.
Gleder meg til neste år!
Legg inn en kommentar