1. Godkjenning av sakslista og innkalling.
Til stades: Tor, T-Bag, Jørgen, Snurre, David, Bæggis, Eskild, Espen, Georg,
Harald, Nikolai.
Ikkje til stades: Prytz, Pål.
Før sakslista vert godkjend gjennomførast punkt 1.1.
1.1 Ros eller kritikk først på sakslista.
Etter litt diskusjon vert det stemt over saka.
Ros først: 1 stemme.
Kritikk først: resten.
Kritikk skal dermed kome som punkt 3, medan ros vert flytta til punkt 4.
Sakslista og innkallinga vert godkjent ved akklamasjon.
2. Val av ordstyrar og referent.
Eskild foreslår seg sjølv som ordstyrar i frykt for eit langt møte. Det vert
nikka intenst da namnet til Georg vert nemnd som døme på ein ordstyrar som
trekk ut møtetida.
Eskild vert vald som ordstyrar då det ikkje kjem nye forslag.
Det vert kasta ut tre forslag til referent: David, Snurre, Nikolai.
David: 1 stemme.
Snurre: 1 stemme.
Nikolai: resten.
Nikolai vert vald som referent. Espen må som vanleg få tak i penn og papir.
3. Kritikk til...
3.1 BHX Design for produksjon av drakter med elendig kvalitet.
Georg fyrer om at det er elendig kvalitet på stoffet og at det vert for tungt
når det er vått. I tillegg forsvann fargen dersom ein strakk stoffet eller satt
for mykje. Jørgen kommer med ei djup analytisk nedriving av argumenta til Georg
med fråsegna: "Jeg elsker stoffet." T-Bag støtter Jørgen i dette.
Harald saksopplyser om noko referenten ikkje får med seg. Espen kommenterer at draktene
verker å vere særs glatte og dermed ikkje gjev problem med nipple-friksjonsskader.
Harald er einig. Snurre har ingenting å utsetje på kvaliteten, men han har
omtrent berre brukt den som overtrekksvest.
Konklusjon: BHX Design tek ikkje kritikk.
3.1.1 Sandpapirgolvet på Dragvoll.
Punktet må sjåast i samanheng med punkt 3.1. Harald går hardt ut og melder at
han ikkje ønsker kledeøydeleggjande sandpapir på golvet på Dragvoll. Georg
meiner at andre drakter ikkje har hatt noko problem med sandpapiret og at
sandpapiret utøver rolla si på ei framifrå måte. Han påpeiker at ingen så langt
har sklidd og deretter falt ned frå tribuna på Dragvoll. Dei fleste bryr seg
ikkje om Georg sine argument.
Konklusjon: Dragvoll må gå i seg sjølv.
3.2 Eskild Lundgård og Snurre Lundquist for å ikkje vere med på øl fredag
kveld.
Georg smeller til med at disse to idiotane vert piska noko så jævlig at det
ikkje kan vere sunt. Dei kunne ikkje ein gong dusje med dei andre flotte
medlemmene i DS, medan Bæggis vart lurt til å dusje to gonger (tas opp att
under punkt 3.4).
Eskild tek kritikken og melder at pisk måtte vente (kva nå enn det tyder).
Snurre tek kritikken medan han sutrar over sjukdom.
Ingen av dei går i seg sjølv.
3.3 Eskild Lundgård og Snurre Lundquist for å ikkje stille på styremøte.
Georg går i seg sjølv mange gonger og legg saka daud. Jørgen foreslår straff
til Georg. Det vert stemt over om Georg får straff (ein dram). Dram til Georg
som straff går gjennom samrøystes. Applaus til Georg for god sportsånd då han
tek straffa utan å mukke og i tillegg stemmer for straff til seg sjølv. Det
vert gjennomført roleg slowclap til shot-en.
3.4 Eskild Lundgård og Snurre Lundquist for ikkje å vere med på dusj fredag
kveld.
Bæggis føler seg skitten og utbytta på det grovaste etter å ha vorte lurt
til å dusje to gonger. Bæggis får ros for å fremje fellesskapet på denne måten.
Det hevdast frå dei to at punktet må sjåast i samanheng med punkt 3.2. Harald
går bastant i mot dette og meiner at det er graverande at dei to ikkje berre
verkar utan anger, men at dei òg prøver å vri seg unna eit sårt tema: å ikkje
dusje med fellesskapet.
Eskild tek kritikken, men går ikkje i seg sjølv.
Snurre tek kritikken, men går ikkje i seg sjølv.
3.5 NTNUI Innebandy for å arrangere bankett ein ukurant stad.
Det kjem snøgt fram at Georg hadde eit ønske om å vere på banketten.
Referenten klarer berre å plukke opp brotstykke av Georg sin tirade: kronglete
idioti, suse flott, langt idiotisk, brenn, DS, ikkje tilrettelagd… Eskild meiner
at banketten no har vorte eit høgterskelarrangement og at det verker som
skremselspropaganda på andre klubber å halde arrangementet på ein slik
gudsforlaten plass. David foreslår skriftleg klage til styret i NTNUI
Innebandy.
Snurre snik seg inn med ei saksopplysing: Kjærast til ansvarshavande har
planlagt alt saman, då ansvarshavande har tatt seg ferie og dratt til Tyrkia.
Kjærasten har eit høgt verv i HS.
Georg lurer på om Snurre har fyrt til denne kjærast om å vere verdas mest piska
person. Harald meiner at Tyrkia-tur er høgst kritikkverdig på eit slikt kritisk
tidspunkt. Jørgen skyt inn at dette ikkje går opp logistikkmessig (det er
vanskeleg å vite kva han meinte med dette). Snurre ytrar at NTNUI Innebandy må
gå i seg sjølv for å ha latt desse styre showet. Tor meiner det er krise om
banketten skal erstatte vert-kjend-festen. Harald påpeiker at Brømøy var ivrige
i dusjen og at han hadde ønska å feste med desse. Espen saksopplyser at
personen Harald refererer til speler for Sjetne.
3.6 Jørgen Myrehagen for å ikkje lage artiklar av nye hall of famere.
Georg har ordet og meiner at dette er særs graverande då oppgåva er tydeleg
definert og er ein viktig del av arven etter DS.
Jørgen tek kritikken og går i seg sjølv.
Det vert på noverande tidspunkt meldt at Georg og Nikolai manglar, og Jørgen
byrjar å føregripe sakslista ved å fable vidare om nye HoF-ere.
3.7 DJ Reindeer
Eskild meiner at kampen mot H2 vart øydelagd. Bæggis er ikkje einig i
5-minutteren sin. Tor meiner det er kritikkverdig at han innehar ein plass på
H1. Georg har ikkje noko fint å seie om to bytt i første kamp. Espen vil høyre
Tor fortelje om DJ-dugleikane til Reindeer. Tor meiner at høgreklikk-Q er alt
ein treng som DJ. Dette er visst Reindeer ueinig i. Bæggis meiner at diverse
filmar på youtube av intens DJ-ing er fake då nokre kvite strekar indikerer
ingen knapperørsle.
3.8 Georg A. Bugge
David fyrer at Georg ikkje har oppdatert dusjreglementet.
Bæggis meiner at Georg er ein elendig player og at han ikkje nyttar seg av
høvene som finst i NTNUI Innebandy. Han følgjer opp med at Georg ikkje har
gjort ein innsats for å setje seg inn i kven dei nye innebandytøsene er. Jørgen
har gleda seg til å oppleve playedugleikane til Georg og meiner at alt no ligg
til rette. Mellom anna vart han all-star på DC, eit kort som må nyttast til
fulle. Harald kommenterer at leiarkortet er særs sterkt og Eskild melder om
enorm tilgang, men null resultat. Tor saksopplyser om Georg sin enorme bruk av
voks før trening.
Georg svarer: «Jeg tar til meg 189 % på generell basis, men ikke for nye
D3-spillere. Jeg har for få kontaktpunkter. Jeg går i meg selv fram til
desember 2014 (då bloggen døde etter Georg si meining) for å ikke ha oppdatert
dusjreglementet. Jeg har alle oppdateringer klare, noe eg også mener er
kritikkverdig på egne vegne. Likevel har jeg ikkje dårlig samvittighet da jeg
faktisk har skrevet noe på bloggen. Jeg går i meg selv for manglende
playeferdigheter.»
4. Ros til...
4.1 Eskild Lundgård
Harald insisterer på å legge fram sin sak først. Harald gir ros for flott
design av drakter til Eskild. Han melder også at ein ikkje treng å opplyse meir
spesifikt då prosessen med utforminga av saklista var vel offentleg.
4.1.1 For design av nydelege drakter.
Harald melder sporenstreks at dette ikkje er hans punkt. Jørgen elskar
designet og har gleda seg til å ha drakta på sin «fisefine» kropp. Jørgen lurer
på om Eskild har vurdert å byrje som klesdesignar. Eskild saksopplyser at han
søkte grafisk design. David saksopplyser at Eskild også har laget flotte flyers
for NTNUI Innebandy. Harald er imponert over kjapp levering og framhevar at han
har fått mykje skryt for draktene då han har sprada rundt på Dragvoll mellom
kampar. Georg støtter dette. Snurre fyrer ros frå pisk. Espen lurer på om
Jørgen hadde ønske om ein meir tettsitjande drakt. Jørgen er nøgd, og ytrar otte
for nipples ved for trong drakt.
Applaus.
4.2 BHX Design for produksjon av drakter med nydeleg design.
Georg opplyser om at først fekk han tilsendt 11 drakter med «Målmaskin»-trykk,
men at BHX har imponert med flott kundeservice etter denne insidensen. Jørgen
melder om god jobb og nydeleg stoff (dette kan visst ikkje understrekast nok).
Harald melder null problem med nipples.
Applaus.
4.3 Dusjselskapet for å delta på Dragvoll Cup.
Georg meiner at dette er det flottaste DS nokon gong har gjort og fremmer
Bæggis som initiativtakar. Applaus! Jørgen poengterer mengde dommarar i DS.
Snurre saksopplyser: NTNUI sentralt vil takke DS for at det var muleg å
gjennomføre DC også i år. Dette kunne aldri ha vorte ein realitet utan DS.
4.4 T-Bag, Jørgen, Harald, David, Nikolai, Bæggis og Georg for å kome langvegsfrå
for å spele Dragvoll Cup.
Tor tykkjer dette er sjølvforklarande og liker at så mange har tatt turen.
Her meldes ein liten kritikk til Prytz og Pål. Tor meiner det har vore ei
minneverdig oppleving. Eskild slenger seg på og tråkker i salaten med tidleg
fremming av ros til Espen Sjetne for å stille med husvære (sjå punkt 4.5).
Applaus.
4.5 Espen Sjetne for å stille med husly for alle langvegsfarande.
Nikolai saksopplyser om gåver utdelt på Dragvoll til Espen Sjetne (Snurre og
Eskild var ikkje til stades). Jørgen elskar husværet og meiner at det går
Klæbuveien ein høg gang. Georg elskar Klæbuveien og melder at han har sove der
nyleg.
Applaus.
Eskild melder punkt 4.7, men vert kjapt korrigert og oppnår ein prikk i det
undervegsoppretta prikksystemet han sjølv har full råderett over. Ein
komplisert diskusjon følgjer då det ikkje har vore spesifisert kor mange
prikkar som gjev shot. Eskild har nett fått sin andre prikk og det er usemje om
han då må drikke eller ikkje. Det heile ender i tre forslag:
1.
Shot for prikk nr. 2. Deretter shot for kvar prikk som
følgjer. Forslaget har ikkje attverkande kraft (forslag fremma av Nikolai) – 7 stemmer.
2.
Shot for prikk nr. 2. Deretter shot for kvar prikk som
følgjer. Forslaget har attverkande kraft (forslag fremma av Harald) – 2 stemmer.
3.
Shot for annankvar prikk, ikkje attverkande kraft
(forslag fremma av Snurre) – 1 stemme.
Ettersom forslag 1 vann fram slepp Eskild å ta ein shot på noverande
tidspunkt, men sidan han har to prikkar må han drikke ved neste prikk.
4.6 Espen Sjetne og Georg A. Bugge.
Harald er nok ein gong kontroversiell og melder ros til Espen Sjetne for
husly. Dette ville han ikkje ut med tidlegare (punkt 4.5).
Harald roser Georg for å ta ansvar rundt drakter (bestilling, sende, osv.).
4.7 Gulrotkaka på Dragvoll.
Jørgen trur det var Georg som fremma forslaget. Jørgen og Tor har diskutert
på sandpapiret og meiner at toppinga såg ut som størkna ribbefeitt. Tor kjem
med ein liten historie om søstera si. Gjenfortalt i korte trekk: to gutar kom
på besøk, dei ville ha kake. Søstera smurde ribbefett på kaka og serverte dei
to gutane. Espen lurer på om det er vanleg å
ha ribbefett ståande på Flatåsen.
4.8 Dusjane på Dragvoll.
Harald likar sensordusjane og meiner at desse er overlegne alle andre
sensordusjar. Andre har ikkje same sensitivitet. David opplyser at fire av
dusjane streika laurdag, men at dei likevel er betre enn vanlege sensordusjar.
Jørgen elskar dusjane og fablar om drittdusjar i Aust- og Vest-Agder. Georg er
sur på SATS sine elendige sensordusjar. Det vert nemnd at under dusjbadstu kan
sensor vere problematisk, men Harald påpeikar at dei fungerer optimalt ved
vanleg dusjing. Espen meiner at dødtid i dusjbadstu er eit viktig element.
Underbruk av dusjbadstu har ført til at sensorane ikkje er vande med dette.
Georg hevdar at enkelte av dusjane er einsame.
4.9 Gjestene i dusjen på fredag.
Jørgen elskar framadlegeme i dusjen. Referent visar til at Harald har
føregått sakslista (jf. punkt 3.5).
5. Pauseunderhalding
Forslag 1: Busstur – 1 stemme.
Forslag 2: DJ Reindeer på laptop – 9 stemmer.
Espen sliter med å finne DJ på YouTube. Punktet vert hoppa over.
6. Kva gjer me med
dusjselskapet.blogspot.com?
6.1 Nedlegging av
dusjselskapet.blogspot.com?
Punkt 6. og 6.1 vert slått saman etter forslag frå ordstyrar.
Jørgen er for nedlegging.
Han meiner
at blogg er utdatert og at andre sosiale medier er føretrekte kommunikasjonsformer.
Harald vil ikkje slette sidene og ønsker lagbilete frå DC som evig toppsak.
Snurre ønsker ikkje å leggje ned, og nektar å gje opp. Snurre vil ha ny
funksjonalitet (anna innhald, etc.). Jørgen meiner at referat må ut på bloggen.
Eskild vil halde på dei historiske artiklane. Espen har ein kommentar til
Snurre: anna innhald er prøvd før og fungerer ikkje. Tor ønsker regler endra, Hall
of Fame oppdatert, lagbilete og referat frå styremøte lagt ut, deretter skal
bloggen leggjast i dvale. Georg sin draum om å omdefinere sida har vorte
knust.
Georg er lite nøgd med noverande
lagbilete, der Håvard Skaaden er ein av dei som er avbilda. T-Bag ønsker
referat frå DC. David støtter dette. Harald meiner at nytt innhald betyr nye
medlemmer. Espen til T-Bag: ønsker du å skrive referat frå DC? Espen til
Harald: ein treng ikkje nye medlemmer. Harald trekk sin kommentar. Ordstyrar
legg fram to forslag som skal stemmast over.
1.
Sida skal stå open og skal oppdaterast med siste
innlegg (hall-of-fame, styremøtereferat, referat frå DC, dusjreglement og
lagbilete) – Samrøysta vedtatt.
2.
Stenge ned heile butikken – Ingen stemmer.
Georg vil ha framoververkande kraft for Hall of Fame. Punktet vert ikkje
utdjupa (kom gjerne med innspel i kommentarfeltet).
7. Godkjende dusjarar.
Jørgen lurer på om me har dette framleis. Bæggis fyrer at han ikkje er
godkjend dusjar. Georg ønsker å fremje Bæggis som godkjend dusjar. Tor vil at
alle i DS skal verte godkjende dusjarar. Harald trekk fram at Bæggis dusja to
gonger på laurdag. Georg saksopplyser at Bæggis stemde mot seg sjølv som
godkjend dusjar sist. Bæggis meiner at det er «noko munk» over å verte noko når
det er dødt. Det vert stemt. Bæggis vert stemt inn som godkjend dusjar med 7
mot 4 stemmer. Tor sitt forslag vert trekt fram av ordstyrar og vert stemt
over. Med 2 stemmer for og 9 mot vert forslaget om at alle i DS er godkjende
dusjarar nedstemt.
8. Hall of Fame
Nikolai, Georg og David må skrivast inn. Kort diskusjon om kven som kan
stemmast inn i Hall of Fame. Espen melder at verken han og Tor er med og Georg
meiner at dette er fordi dei framleis står i NTNUI begge to. Espen opplyser då
at Nikolai har stått i NTNUI i to år og vart likevel stemt inn i Hall of Fame.
Georg. «Blablablblablablbla». Harald meiner at dersom ein er ferdig i NTNUI bør
bety at ein automatisk vert ein del av Hall of Fame (gitt at ein er med i DS).
Jørgen fremjar Espen og Tor til Hall of Fame. Georg fremjar Bæggis, Snurre og
Eskild til Hall of Fame (etter ein heil del surr og vissvass).
Espen – Samrøysta vedtatt.
Tor – Samrøysta vedtatt.
Bæggis – 10 for og 1 mot.
Snurre – Samrøysta mot.
Eskild – Samrøysta mot.
Harald fremjar at Eskild og Snurre vert automatisk tekne opp i Hall of Fame
når dei slutter i NTNUI. Snurre saksopplyser at han har vorte æresmedlem i
NTNUI på livstid (i selskap med Atle Harby) og at dette dermed ikkje er muleg.
Det vert likevel stemt over forslaget. 3 stemmer for og 7 mot. Eskild og Snurre
må dermed stemmes inn i framtida for å oppnå Hall of Fame-status.
9. Eventuelt.
Ordstyrar vil ha effektivitet og tillèt ein runde med eventuelt-saker rundt
bordet.
9.1 Georg
Ros til Eskild som ordstyrar. Forslag: applaus. Applaus.
9.2 T-Bag.
-
9.3 Snurre
Ros til DS for å vere kretsen sitt 2. beste lag.
Ros til DS for to allstarspelarar (Snurre og Georg).
9.4 Tor
Ros til Snurre for å vere ein elitekeeper.
Kritikk til Georg for å elske Øya (kommentar om flott miljø).
--> Georg tar kritikk og skal ikkje spøke med slike alvorlege tema i
framtida.
Kritikk til Georg for å disse DS.
9.5 Harald
Bruken av ordet idiot. Harald meiner at det har gått inflasjon i bruken.
Georg, Nikolai og Espen melder seg som hyppige brukarar av ordet.
Kritikkverdig av T-Bag å stemme mot Bæggis til Hall of Fame.
9.6 Nikolai
-
9.7 Bæggis
Opplyser at han har fått en D2-kvinne til å kjøre seg til Studenterhytta.
Jørgen lurer på om Georg kan playe der. Det viser seg at D2-kvinnen har fleire kjærastar.
9.8 Jørgen
Ros til T-Bag for å stemme mot Bæggis til Hall of Fame.
Ros til alle 11 for å vere med på DC.
Kritikk til dommarane Nikolai, Georg og Espen for å dømme finale og dermed gå
glipp av mykje dusjing i verdsklasse.
9.9 David
Vaksenpoeng. Punktet trekkast sporenstreks att av David. Jørgen ønsker dette
på mail. Alle er einige om at dette er ein utopi.
Generell ros til alle. Tor skyter inn ein kommentar om den flotte augneblinken
då Snurre henta allstar-prisen berre iført handklede med mesteparten av DS
applauderande (også i berre handkle) i bakgrunnen.
9.10 Espen
-
9.11 Eskild
-
9.12 Ordstyrar
Ros til Nikolai for flott skribentarbeid.
10. Visning av Yatta
Tor drar heim for å hente Yatta. Styremøtet vert dermed ikkje offisielt
avslutta før i dei seine timar, då Tor omsider kjem att.